Julefilm på museet: The Snowman

Velkomne til julefilm for heile familien i Hatlandsløo på Sunnhordlandstunet:

The Snowman – den ultimate julefilmen frå 1982.

Me samlast i løa for live musikk og filmmagi av dei sjeldne. Etter filmvisninga blir det servert lappar, saft og kaffi i Eldhuset (inkludert i billetten).

Ta med born og besto. Her vert det julestemning!

Filmen er ein sentimental, vakker halvtimes animasjon. Det er ikkje dialog i filmen, berre filmmusikk som dei fleste kjenner att, seinast i Aurora si tolking. Filmen vart i si tid nominert til Oscar.

Kle dykk godt, og kjøp billettar på førehand då det er begrensa plass i løa; Julefilm på museet: The Snowman – Sunnhordland Museum (ebillett.no)

Barn: 50 kr

Vaksen: 150 kr

Vaksen (medlem av Stord Filmklubb): 100 kr

Me gler oss!

Helsing Stord filmklubb og Sunnhordland Museum


Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

11. desember 2022

Time

16:00 - 18:00
Skip to content