Klosterdagen 2026

Søndag 14. juni brakar det laus igjen, og vi inviterar til den 26. Klosterdagen i talet.
Det vert eit rikhaldig program, både for små og store og historie interesserte. Som tidlegare år syt venelaget for rikhaldig kafé, så vi håpar du vil nytta dagen i samen med oss.
Fyrst på programmet står opning av sommarutstillinga «Den ubeskivelege kjensla” av Miriam P. Eide. Gjennom ulike verk undersøkjer ho forhaldet og utfordringane ein møter i kvardagen når ein slit med usynleg sjukdom og korleis dette påvirkar oss i alle samanhenger
«Den Gale Geologen» er Geopark Sunnhordlands eksentriske formidlingsfigur i flosshatt. I løpet av ein god «skuletime» presenterer han morofakta/funfacts om geologien i Sunnhordland på ein måte som er morsom og underhaldane for oss alle, men barn spesielt. Tenk at Det Geologiske Kretsløpet kan bli underhaldande!
Skodespelar Håkon Kvarven Paulsen er inni kostymet som er fullt av stein og gøye greier. Søndag 14. juni kl 14.00 kjem Den Gale Geologen til eit Kloster nær deg!
«Opp av grunnen 1» Lurer du på korleis det eigentleg såg ut på kloster i mellomalderen rundt år 1320? Dei seinare åra har Sunnhordland museum saman med fagfolk; t.d arkeologar kyrkjehistorikarar og mellomalder-historikarar jobba fram ei 3D visualisering av korleis ein tenkjer klosteret her på Halsnøy kan ha vore. Her får du vite meir om prosessen og vegen fram mot ferdig framstilling
«Opp av grunnen 2» -Her vil du få presentert ei rekkje av lausfunn dei seinare åra på området rundt klosteret. Dei aller fleste funna er gjort av Jan Terje Rafdal og Håkon Huse. Presentasjonen av desse er laga av arkeolog i Vestlanf fylkeskommune, Lars Øyvind Birkenes og vert presentert av Helge Pedersen, Konservator Sunnhordland museum, og Helén Petersen, avdelingsleiar Halsnøy kloster /Sunnhordland museum
«Halsnøy kloster Anno 1320» – Teaser/førpremiere – Vi visar for aller,aller fyrste gong klipp frå 3D animasjonsfilmen- dette vil du ikkje gå glipp av!
« Klosterliv- og livet rundt- korleis var det eigentleg?» Professor og mellomalderarkeolog Alf Tore Hommedal, Universitetsmuseet i Bergen, tek oss med på ei reise inn i mellomalderen, klosterlivet og livet rundt. Hommedal er ein glitrande føredragshaldar innan mellomalder og kyrkjehistorie, og han er ein av våre gode fagpersonar i høve 3D-filmen om Halsnøy kloster anno 1320.
Gjennom heile dagen vil Venelaget ha open kafé på gamla kjøkenet og det vil vera aktivitetar ute på tunet for små og store born , t.d. hesteskokasting, Kubb, Bygg ein bru á la Da Vinci.. o.l.
(Vi tek atterhald om endringar i programmet)