«Lengselens bilder – Fotografiet i historien om norsk utvandring til Amerika»

Ukjend fotograf, Tor Lien til hest i Montana, ca. 1915

Sigrid Lien er professor i kunsthistorie ved Universitet i Bergen. Ho underviser i kunst og visuell kultur med fotografi som spesialfelt. I boka «Lengselens bilder» (2009) har ho undersøkt fotografiets rolle i den norske Amerikautvandringa, noko som også vil vera temaet for føredraget hennar under Fotografiets dag. Lien vil likevel utvida perspektivet på dette temaet i føredraget, og snakka om korleis fotografiet kan tena som inngang til mindre tematiserte og vanskelege sider ved denne historia. Korleis kan til dømes vanlege norsk-amerikanske familiefotografi framkalla historier knytte til utvandringa som ein settlerkolonial prosess, der urfolk måtte vika for norske settlarar? Og korleis har slike prosessar sett varige spor i dagens amerikanske lokalsamfunn?

eller kjøp i døra!

 

 

 


Dato

29. april 2026

Tid

18:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

200 NOK