MIN kulturverndag

Sunnhordland museum inviterar til MIN kulturverndag på Sunnhordlandstunet!
Arrangementet er gratis og ope for alle!
Gjennom utstillingar, demonstrasjoner og praktiske aktivitetar ønskjer me å samla folk i alle aldrar til kunnskapsutveksling om byggetradisjoner og handverk frå ulike kulturar. Årets tema er mønster og kulturarv i fare.
Besøkande kan mellom anna prøva seg på spikking, bygging av laft og handarbeid. Gjennom aktivitetar, samtalar og samarbeid i verkstadane legg me til rette for møte mellom menneske med ulik bakgrunn og erfaring.
Sunnhordland er prega av eit rikt kulturelt mangfald, og denne dagen ønskjer me å løfta fram korleis kunnskap om byggeskikker, handverk, mat og tradisjonar kan delast på tvers av kulturar og generasjonar.
Samarbeidspartnarar:
IKK Stord, Stord husflidslag og HVL
