«Mors hemelighet» med Ivar Nygaard

I samarbeid med Stord kyrkjeakademi inviterer vi til forteljeframsyning med Ivar Nygaard.

«Es geht alles vorüber, es geht alles vorbei, nach jedem December kommt wieder ein Mai”

Denne populære soldatsongen song mor til Ivar ofte. Men dei visste ikkje kvifor. Ikkje før i 2018.

Ivar fortel om mor si, raudekross-søstera som blei dømd for landssvik og sett i fengsel i 1946. Ho ville så gjerne hjelpe dei skadde då bombene fall over skipet «Ægir» den niande april 1940. Men ho var for ung, berre 17 år. Draumen om å bli sjukesøster var så sterk at ho melde seg som frivillig for den tyske raudekrossen. Men då ho kom fekk ho 10 månader i fengsel. Det blei hennar hemmelegheit, ho fortalde ingen om draumen som blei knust, og om alt ho hadde sett og opplevd i Tyskland. Familien fekk ikkje vite om historia hennar før etter at ho døde i 2018. Då kunne dei lese om alt i mappa hennar i arkiva.

Ivar Nygaard er 58 år og bur i Sandnes. Han er utdanna kulturvitar, og var lenge direktør for Norsk barnemuseum i Stavanger. Han var også kultursjef i Stavanger, og intendant for Stavanger Kunstforening. Men først og fremst er han no oppteken av å fortelje små og store forteljingar, forteljingar som rører oss og opnar auge og sinn for alt som kan skje i eit menneskeliv. Og det gjer forteljinga vi skal får høyre, «Mors hemmelighet».

 

 


Meir informasjon

Kjøp billetter

The event is finished.

Date

27. januar 2022

Time

19:00 - 20:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord
Skip to content