Naustlandet – temakveld med Eva Røyrane

Sunnhordland museum inviterer til temakveld om Naustlandet – ei bok om nausta langs norskekysten. Forfattar Eva Røyrane vil presentere arbeidet med å dokumentere kystens kulturminne, og deira historier.

Kvelden er arrangert i samarbeid med KIK – Sunnhordland og verdiskapingsprosjektet Sjøbruksmiljø i Sunnhordland. Prosjektleiar Ellen Tveit frå Sveio kommune vil innleie kvelden med å ei kort orientering om arbeidet med å ta vare på sjøbruksbygningar i regionen, etterfølgt av presentasjon av Naustlandet.

Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth er også kjent for bøker som Klyngetunet, Norges låver, Vestlandshus og Av stein. Naustlandet er utgitt av Skald forlag.

Det vil vere sal av boka Naustlandet til 699,-

Om bokprosjektet: Naustlandet – ei bok om nausta langs norskekysten

Fotograf Oddleiv Apneseth og forfattar Eva Røyrane har reist langs kysten og innover mange fjordar frå Agder i sør til Finnmark i nord, på leit etter naust. Dei ville finna ut korleis det står til med dei gamle nausta, desse kystens kulturminne som fortel om kystlivet slik det var før oljealderen endra alt.

Naustet i støa var ein viktig driftsbygning på garden til fiskarbonden, som var meir bonde enn fiskar i dei indre fjordstrøka. Ute ved kysten var det omvendt. I nausta låg mindre båtar til heimefiske og dagleg ferdsel og større båtar til sesongfiske, frakt og kyrkjeferd. Og naustet var arbeidsplass, ikkje berre for vedlikehald av båtar, garn og nøter. I naust er det laga tønner, bygd båtar og slakta sauer og kyr. Somme stader har naustlemen vore bustad, både for farande folk og for fastbuande.

Boka Naustlandet, som nyss kom ut på Skald forlag, fortel at det står både svært dårleg og ganske bra til med nausta. Naustet er den gardsbygningen som, på grunn av manglande bruk, er mest utsett for forfall. Tilårskomne naust rotnar ned og blir borte. Samstundes er det ei aukande interesse for å ta vare på gamle hus. Dette nyt mange naust godt av. Denne boka dokumenterer forfallet, men fortel og om eigarar som forbarmar seg over forkomne naust og om eldsjeler som ivrar for kystkulturen ved å dokumentera naust og formidla lokal kystkunnskap.

Dei mange nausta har ulike historier å fortelja, om byggjemåte og om bruk. I nord handlar det om naustgammer, store skjelternaust og enkle etterkrigsnaust. Lenger sør: stavbygde naust, grindnaust, tømranaust og steinnaust. Og heilt sør, der det er liten skilnad på flo og fjøre: båtgarasjar.

På fotografiet:
I Gloppevågen er dei gamle sjøhusa sette i stand.
Foto: Oddleiv Apneseth


Meir informasjon

Kjøp billett

Dato

20. november 2025

Tid

18:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

200 NOK