Nyttevekstkurs på Halsnøy kloster
Halsnøy kloster, saman med Haugaland sopp-og nyttevekst forening, inviterar til Nyttevekstkurs på Halsnøy kloster lørdag 20. og søndag 21.mai, kl. 10.00 – 15.00.
Kurset har påmelding /førehandsbetaling.
Pris pr. pers: kr. 1500.-
E-KJØP/Påmelding HER
«Frivillige frå Noregs sopp- og nyttevekstforbund har i over 100 år lært bort artskunnskap om ville vekster og korleis du kan bruke dei til å lage mat, tekstilar, fargestoff og mykje anna.
Blomster, blader, stengler, røter, bær. Det handlar om å ta fram att gamal kunnskap som har gått i «gløymeboka» – og det handlar om å ta i bruk dei verkeleg kortreiste og bærekraftige matvarene som gourmetkokkane elsker. Såleis ser vi både framover og bakover.»
Nyttevekst kurs Halsnøy kloster: Grunnleggende kurs i spiselige planter.
Kurset omfattar teori om planter og eigenskaper, plukkevett og korleis vi brukar plantene i mat.
Det vert lagt vekt på å vere ute i naturen og sje på voksestader
- Les og lær om andre spiselege planter og alt du kan bruka dei til.
- Få tips om matlaging og mange gode oppskrifter
Lørdag: Vi startar kl 10.00 med 1-2 timer teori før vi går ut og plukker.
Etter turen renskast planter og vi undersøkjer det vi har tatt med heim.
Søndag: oppmøte kl 10.00; tur og matlaging,
Områder vi skal gå tur i vil være spanande, det kan finnast planter som har utspring frå klosterhagen, som vi vil fokusera på.
Kursleiarar:
Sigrid Lauridsen, Sertifisert nyttevekst kyndig, sanker
Anne-Kjersti Aarhus, soppsakkyndig, sanker, pedagog
Lie Gaard : produksjon av konserver med smak av naturen. https://www.facebook.com/liegaard?locale=nb_NO
Pris pr. pers: kr. 1500.-
E-KJØP/Påmelding HER