Omvising i utstillinga «Den vesle manns kunst»

Fredag 9. juni i frå kl. 11 – 15 held Sunnhordlandstunet gratis omvising i utstillinga «Den vesle manns kunst».
Utstillinga syner fram masseproduserte trykksaker som var ein viktig del av den folkelege kvardagskulturen i industrisamfunnet i frå tidleg 1900-tal og framover.
Gjennom 40 år har forfattar Einar Økland bygd opp ei stor samling av trykksaker innanfor populærkultur, barnekultur, bruksgrafikk og trivialkunst. Samlinga har vakse seg så stor at ho har fått nemninga «Økland-samlingane». Dei spenner vidt, men samla sett gjev dei eit portrett av skrift- og biletkultur i det moderne Noreg på 1900-talet.
Arrangementet inngår i programmet til «Folk i sentrum».

The event is finished.

Date

09. juni 2023

Time

11:00 - 15:00
Skip to content