Skjæretorsdag og Lang fredag: Eit magisk møte med lyset!
Har du lyst til å lage ditt eige kamera i papp?
Har du lyst til å fotografere eit bilde med det, og komme i mørkerom og framkalle bildet ditt?
Har du lyst til å få vite kva som gjer at det går an å lage eit fotografi med ei pappeske?
Skjertorsdag og Langfredag har du sjansen, då kan alle som har lyst melde seg på til Eit magisk møte med lyset!
Øyvind Hjelmen viser og lærer deg om magien ved fotografiet.
Opplegget varar ca to timar, og er begrensa til 10 deltakarar kvar dag. Barn under 10 år i følge med ein vaksen.