Opning av nyrenoverte Ådlandsstovo og Futastovo

Torsdag 8. juni kl. 17:30 opnar museet nyrenoverte Ådlandsstovo og Futastovo.

Ådlandsstovo stod på garden Ådland og blei i 1873 tatt over av Fortidsminneforeningen i Bergen. Alderen er til dags dato noko uviss, men ut i frå tømmeret og sjølve konstruksjonen og byggeskikken, har ein rekna med at stova vart bygd ein gong mellom 1450 og 1550. Stova vart flytta frå Ådland til museet på Sunnhordlandstunet i 1934. Bygningen er den eldste på tunet.

No har stova blitt renovert med nytt tregolv, ny åre, nye moldbenkar og veggane er blitt mala med kalkmaling av «krotakjerringa». Fleire handverkarar har vore involvert i dette viktige renoveringsarbeidet. No er me klar for å syne fram den flotte stova og ta den i bruk.

Futastovo stod på garden Sørhuglo. Den eldste delen av huset er dei to austre stovene. Dei fekk futen Ivar Knudson Gram bygd til seg og familien rundt 1650. Då lemstova var ferdig forlot futen og familien hans embetsbustaden på Horneland og flytta til Sør-Huglo. Der budde futen heilt til han døydde i 1697. Huset var i familien si eige til 1946. Då hadde Gram-familien bygd seg nytt bustadhus, og Futastova, og det gamle eldhuset på garden frå mellomalderen, vart flytta til museet og Sunnhordlandstunet i 1947.

No har to av romma blitt renovert med historiske tapetar og fargeinnslag. Vår bygningsvernkonsulent og dyktige handverkarar har satt seg inn i relevant stilhistorie og vil med renoveringa sette farge på Sunnhordlandstunet. Me gler oss til å opne kammerset til «tenestejenta» og finstova til «futen».


The event is finished.

Date

08. juni 2023

Time

17:30
Skip to content