«Saks og sommerfugl»

Saks og sommarfugl

26.04.2026 –10.05.2026 vanlig inngongsbillett Søndag 26. april, kl. 17.00 vert det på ny utstillingsopning på Halsnøy kloster. Denne gong i samarbeid med Sunnhordland folkehøgskule. Det er spanande å kunne få presentera unge, nye kunstnarar med kvalitet på bra nivå og kanskje få høyre litt om prosessane i kunstarbeid.
Johanne G. Nesbø
Utstillar er Johanne Graneng Nesbø, 21 år gamal, og kjem frå fra Levanger i Trøndelag og ho har no vore stipendiat på Sunnhordland folkehøgskole. Dette er hennar fyrste soloutstilling, i hovudsak med oljemaleri. Oljemaling vart raskt hennar foretrukne materiale, på grunn av kor allsidig det er i kombinasjon med andre medium. Ho arbeider i hovudsak med figur og portrettmaleri. «Eg malar portrett med vekt på likheit, samtstundes som eg nyttar personleg uttrykk. Mine verk er fokusert på å lage kontrast mellom eit dystert utgangspunkt og sterke fargar. Fargebruken er inspirert av portrettar med impresjonistisk innverknad, i kombinasjon med unaturlige fargar og former som lager ein bakgrunn som kan minne om kollasj. Etter mange år med teoretiske fag, ynskjte eg å fordjupe meg i praktisk kunstarbeid. I løpet av året har eg brukt mykje tid på å utforske og eksperimentere mellom motiv og fargar, noko som har ført til variasjon i fargar og stil mellom maleria. Utstillingen skal vise de ulike teknikkane eeg har hatt fokus på, og kva eg har oppdaga i løpet av eit år».
Saks og sommarfugl

Dato

26. april 2026 - 10. mai 2026

Tid

All of the day

Lokasjon

Halsnøy kloster