Samane sin dag

Markering av samane sin dag
Torsdag 5. februar kl. 18 inviterer Sunnhordland museum, i samarbeid med Stord vidaregåande skule, til ei markering av samane sin dag. Elevar frå musikk- og medialinja har arbeidd med eit tverrfagleg prosjekt der samisk kulturarv blir sett i samanheng med norsk kulturarv. Prosjektet har resultert i eit variert program som løftar fram både tradisjonelle uttrykk og nye tolkingar.
Stord vgs har valt å løfte fram samisk kulturarv i undervisninga. Lærarane Einar Steinkopf og Violeta Basa har saman med elevane sett saman eit program som gir publikum eit breitt og nyansert møte med samiske uttrykksformer.
Ein sentral grunn til at museet ønskjer å markera samane sin dag, er at joikeksperten Violeta Basa jobbar som lærar på Stord vgs dette året. Basa er oppvaksen i den multikulturelle hamnebyen Constanta i Romania og har utdanning innan litteraturvitskap, nordisk, folkedans og pedagogikk. Under studietida i Trondheim fekk ho sitt første møte med samisk kultur og joik, noko som seinare førte henne til Kautokeino og arbeid ved ein samisk vidaregåande skule og reindriftsskule. Der lærte ho seg å joike og starta i 2020 forsking på joik som songform. Det var viktig for Sunnhordland museum å gripe moglegheita og ta kontakt med Basa no når ho jobbar på Stord.
Sunnhordland er ikkje ein region som tradisjonelt er knytt til samisk kultur, men me meiner det er viktig å markera denne dagen. Dette kan vere første gong Stord får ei større markering av samanes dag. Sjølve dagen er 6. februar, men arrangementet blir halde 5. februar av praktiske grunnar.
Som museum har me eit ansvar som strekkjer seg lenger enn å bevare fortida. Me skal vera ein arena for refleksjon, samtale og kritisk blikk på både historie og samtid. I utstillingar som Øklandsutstillinga møter publikum stereotypar, nostalgi og kulturarv i nye kontekstar. Å ta opp vanskelege og tidvis ubehagelege tema er nødvendig for å forstå korleis samfunn og haldningar blir forma. Ein kan ikkje utvikle seg som samfunn dersom ein aldri tar del i desse viktige diskusjonane.
Vaksne: 50 kr
Barn, ungdom og student: gratis
eller kjøp i døra!