Ein samtalekveld om dansen på lokalet og livet rundt og på scenen i Sunnhordland.

Sunnhordland museum har saman med Roald Kaldestad og Endre Olsen invitert inn Per Øystein ‘Pøyten’ Kannelønning og Odd Tollaksvik, til ein samtalekveld med gode historiar frå livet rundt og på scenen i Sunnhordland frå 60-talet og frametter.

Hugsar du siste dansen?

Var du blant dei mange som gjekk på dans i Turnhallen, på Samfunnshuset eller Samhald på 60-talet? Reiste du til Halsnøy for å svinga deg på plattingen?  Eller var du ein av dei som var med på «Slaget i Ølve» eller på Fitjar? Kanskje stod du på scenen, med brylcreme eller godt smør i håret, skinnjakke og semska sko?

Me er ute etter dei gode historiene rundt rocken sin fødsel i Sunnhordland. Kven spelte? Kva for musikk spelte dei? Kor og korleis var dansen? Kven var arrangørane? Kva gjorde desse arrangementa med folk som budde her?

Sunnhordland museum ønskjer å utvide si samling med immateriell kulturarv og samle inn nokre av desse historiane og bileta som representerar denne delen av kulturlivet som vaks fram i Sunnhordland frå 60-talet.

10. april kl. 18:00 på Sunnhordlandstunet/ Sunnhordland museum

Pris: 150,-

Kjøp billett her


Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

10. april 2024

Time

18:00

Kostnad

150 NOK
Skip to content