Skipsbyggjarar frå Hardanger og Sunnhordland på 1800-talet

Sunnhordland museum inviterer til føredrag med Håvard Gjerde frå Hardanger fartøyvernsenter

Gjennom heile 1800-talet skulle fleire driftige folk frå gardane langs Hardangerfjorden kome til å spele viktige roller i norsk sjøfart- og skipsbyggjingssoge. Distriktet er kjend for jaktebyggjing og jaktefart, men dette er berre ein del av soga. I sitt arbeid som fartøygranskar har Håvard Gjerde kome over ei rekkje hardingar og sunnhordlendingar som har sett spor etter seg langt utanfor fjorden si trygge famn. I føredraget følgjer han både i fotefara til desse pionerane, og han ser på ringverknadane arbeidet deira har fått. Kven var «Rike-Trond»? Kvifor fekk Johann Selsvik Kongens fortenestemedalje i sølv? Høyr om Gjert Gundersen frå Jondal, som flytta til sørspissen av landet, og som skapte ein båttype som gjekk sin sigersgang heile vegen til Nordkapp. Høyr om Lars Hammeraas, husmannen frå Ølve som bygde landets største seglskute, og høyr om læraren frå Øystese som starta verft ved Kristiansund og ålvikarane som dreiv Tromsø Skipsverft.

Dørene opnar kl 17.


Dato

17. september 2026

Tid

17:30

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

200 NOK