Sogetimen; handel og bakeri på Stord frå 1850-talet
Stord Sogelag og Sunnhordland museum inviterer til Sogetimen; eit ope møte for alle interesserte. Tema denne kvelden er handel og næring frå Nordbygda til Leirvik, frå om lag 1850 til 1970, med vekt på bakeridrifta.
Etter føredraget vert det ei enkel servering, kaffidrøs, og ope for spørsmål og tilføyingar. Me gler oss til ein kveld med mimring og god prat, velkommen den som vil! Me tek ikkje inngangspengar, men set pris på om de vippsar sogelaget ein frivillig sum.