TEMAKVELD: Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar. Britt Kjellesvik Rage

Onsdag 25. januar kl. 18:00 inviterer me til årets første temakveld her på Sunnhordlandstunet.

Tekstilkunstnar og dokkemakar Britt Kjellesvik Rage frå Tysnes kjem attende til Sunnhordlandstunet for å helde eit foredrag om miniatyrdokkene i historiske drakter.
I 2021 gav Britt ut boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar» som ho denne kvelden byggjar dette foredraget på.
I etterkant av foredraget kan dei som er spesielt interessert i folkedrakter og dokkemaking, få anledning til å melde seg på eit kurs som går over to helger i mars (11.03 – 12.03 og 18.03- 19.03). For meir info om kurset – sjå eige arrangement.
Billett: 150 ,- (kaffi inkludert)


The event is finished.

Date

25. januar 2023

Time

18:00 - 20:00

Kostnad

150 NOK
Skip to content