Temakveld: Idas kjøkkenhage

Ida Kleppe på Lundemannsverk gir i desse dagar ut bok om dyrking av grønsaker, frukt og bær. Denne kvelden vil ho gi deg høgdepunkta i boka: Korleis dyrkar du grønsaker på ein enkel og berekraftig måte? Korleis vert du kvitt sniglane? Og kva er aller best å dyrke akkurat på Stord?
Ida Kleppe er bonde på Stord, og kanskje best kjend frå TV-serien «Draumen om eit småbruk», som går på NRK og Altibox. Ho er utdanna gartnar, og var den fyrste Bybonden i Bergen.
Det vil bli sal av den nye boka til Ida etter foredraget.
Arrangementet er ein del av programmet under Berekraftvekene på Stord 2025.
Pris: 150,-

  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

05. mars 2025

Time

19:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

150 NOK
Skip to content