TEMAKVELD: Notheng – kystens katedraler

Veit du noko om notheng? Om desse praktiske bygningane og fantastiske konstruksjonane? Om byggeskikken og historiane knytt til arbeidet og det sosiale livet rundt desse henga?

Onsdag 19. oktober kjem Arne Blix (journalist og redaktør) til Sunnhordlandstunet og held foredrag om den nye boka si «Notheng – kystens katedraler».

Blix har gjenreist eit notheng på Trøndelagskysten og han har brukt historiske kjelder og samtalar med ei rekke tidsvitne for å samle kunnskapen og fortellingane om nothenga. Samen med fotograf Ragnar H. Albertsen har Blix reist langs kysten for å dokumentere dei vel femti nothenga som framleis er bevart.

Vår eigen bygningsvernkonsulent, Bjørn Arve Lunde, vil starte med ei innleiing til kveldens tema, samt leie ein samtale og diskusjon med publikum etter foredraget – rundt tradisjonelle byggeskikker og konstruksjonar her på Vestlandet – og korleis desse kan vere til inspirasjon.

Billett: 150 kr

Billett kan kjøpast i døra på tunet – eller her på ebillett.no.


The event is finished.

Date

19. oktober 2022

Time

19:00 - 21:00
Skip to content