TEMAKVELD: «Skeivhet til sjøs»

Onsdag 15. februar arrangerer Sunnhordlandstunet ein temakveld i saman med Fransk Salong.
I foredraget «Skeivhet til sjøs» fortel konservator Gry Bang-Andersen frå Bergens Sjøfartsmuseum om skeivhet i den norske handelsflåten i åra 1950 – 1980.
Korleis opplevde skeive sjøfolk tida til sjøs og kva for nokre former for motstand og moglegheiter møtte dei til sjøs?
Publikum vil få høve til å stilla spørsmål eller dela historier dei sjølv eller andre har opplevd etterpå.
Meir info om utstillinga «Skeive sjøfolk» ved Bergens Sjøfartsmuseum;
https://sjofartsmuseum.museumvest.no/norsk/utstillinger/#Skeive-Sjofolk
https://www.bt.no/btmeninger/debatt/i/8J56Od/skeivhet-til-sjoes
Billettpris: 150,-