Tett på naturen – bildeføredrag og utstillingsopning

«Tett på naturen» – Bildeføredrag og fotoutstilling  søndag 6.mars

Kl.15.00 – Bildeføredrag med båe fotografane

Kl. 16.00 – utstillingsopning (salsutstilling)

Føredrag  : kr. 100.-

kjøp billettar her:  hpla.no/billett

Utstillinga varer frå 6.mars – 3.april

«Med sekk på ryggen, kikkert og Nikon rundt halsen kjenner eg meg privilegert. Når eg i tillegg har slik herlig natur rett utfor nova i Kvinnherad opnar dette for flotte opplevingar ute. Om noko av dette kan festast på ei kamerabrikke blir det for beste desserten å rekne».Sigve Solheim  

Mange i Kvinnherad kjenner til både Atle Helland og Sigve Solheim som, mellom anna, dyktige naturfotografar. Og om ikkje har du sjansen no! Saman med Halsnøy kloster/Sunnhordland museum inviterar dei til føredrag og utstilling på Halsnøy kloster.

Dei vil gjennom bildeføredrag visa og fortelja om korleis dei arbeidar og kva som krevs for å komma «tett på» ute i naturen. Om opplevingar og utfordringar ,- og- ikkje minst- dei gyldne øyeblikka. Etter føredraget vert det utstillingsopning der dei visar fram mange av desse gyldne øyeblikka, der du og kan komma tett på. Det vert anledning til å prate med fotografane etterpå, samt lett servering.

 

Atle Helland

Atle starta med foto i 1983 då han og ein kamerat starta opp Kvinnherad Fotoklubb. Fotointeressa auka snart, og han bygde då garasje der andre etasje på 45 kvm i 1991 vart innreida til mørkerom og fotostudio.

Han har brukt eit utal timar i mørkerommet, der han kunne fylgje heile prosessen frå framkalling til ferdig resultat.

Atle har alltid lika å konkurrere (anten det er idrett eller foto) Tre gonger har han blitt kåra til Årets fotograf i Norsk Selskap for Fotografi (det som i dag heiter NM i foto (1997, 2003 og 2011) Og han er faktisk i dag den mest-vinnande fotografen i landskonkurranser i selskapets historie. I 2021 fekk han diplom og vart utnevnt til Nordisk Stormester i fotografi i Gull.

Mange kjenner Atle for bryllup- konfirmasjons- og portrettfotografering, eller ein eller anna fotojobb for en bedrift i kommunen. Han har også arrangert ein del helgekurs i fotografering, både i eigen kommune og nabokommuner. Dette er populære grunnkurs som går over 16 timer.

Turar i skog og mark, på hjortejakt og anna, kamera er alltid med. Fleire av bilda han presenterer i utstillinga er tekne under hjortejakt.

Sigve SolheimSigve Solheim

Er ein 1955 modell utelivsmann. Han vart fødd i Bergen, men er oppvaksen på Sunde.

Etter eit år på Høgskulen i Finnmark avslutta Sigve skulegongen. Sidan har han jobba i eit familieselskap og dei siste 13 åra i arbeidslivet som prosjektleiar ved Harding / Palfinger sitt kontor i Rosendal.

For Sigve har utelivet har alltid vore viktig. Jakt, fiske og friluftsliv har vore ein del av kvardagen i alle år. Etter kvart har han hengt børsa på veggen og gått over til «skyte» med fotoapparat.

Å fotografere tok han til med på skikkeleg vis i 2009 og han er særskilt oppteken av naturen og fuglane våre. Å koma tett på fuglar og dyr kan vera ei krevjande øving. Med litt kunnskap og mykje tolmod kan ein få masse til. For Sigve er, mellom anna, lukka i livet å stire rett inn i auga på ei kongeørn berre 6 – 7 meter unna, eller sitje bak ein stein inne på viddda og sjå bort på ein stor villreinsflokk berre nokre meter unna.

«Med sekk på ryggen, kikkert og Nikon rundt halsen kjenner eg meg privilegert. Når eg i tillegg har slik herlig natur rett utfor nova i Kvinnherad opnar dette for flotte opplevingar ute. Om noko av dette kan festast på ei kamerabrikke blir det for beste desserten å rekne». 


The event is finished.

Date

06. mars 2022

Time

15:00 - 18:00

Lokasjon

Halsnøy kloster

Kostnad

100 NOK
Skip to content