Tidemand i miniatyr – utstillingsopning og føredrag

9. mai opnar ei litt uvanleg utstilling på Sæbøtunet og me er heldige å får besøk av kunstnaren sjølv som skal fortelja om arbeidet.
Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar.
Utstillinga består av 22 figurar kledde i draktplagg kopiert etter drakter frå Adolph Tidemand sine portrett frå Vestlandet, utført midt på 1800-talet. Det er tekstilkunstnar og dokkemakar Britt Kjellesvik Rage frå Tysnes som har laga både figurar og draktplagg, som er kopiert ned til minste detalj. I boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar» finn ein detaljerte skildringar og mønster til kvar dokke.
Dokkene er ca. 25-35 cm høge, så her er det verkeleg snakk om presisjonsarbeid! Det er lagt ned særleg mykje arbeid i ansikt og kroppshaldning for å fanga personlegdommen til menneska som Tidemand portretterte på 1800-talet. Dette er ikkje bunader, men folk sine vanlege klede den gongen.
Alle plagg er tidsrett laga, men tilpassa lite format. Det er brukt tekstilar som var vanleg på 1800-talet og det meste er handsaum. Det blir sjonglert med ulike syteknikkar – t.d. kan perler vera erstatta med sting, til bringeklutar mindre enn ei fyrstikkøskje! Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der kunstnaren freistar å fanga desse levde liva og deira drakter, i hennar eige format.
Britt Kjellesvik Rage har fått mykje merksemd for sine figurar i historiske drakter, som har fått omtale i aviser og magasin både her til lands og i utlandet. I år 2000 starta ho med verkstad og galleri i heimen «Breidablikk» på Tysnes. Forutan å driva med produksjon av folkedraktfigurar, handdokker og historiske drakter, har ho arrangert ei rekkje utstillingar med forskjellige kunstnarar i eige galleri, Breidablikk Anno. Britt har også delteke på mange utstillingar, halde kurs og foredrag og skrive artiklar om historiske klede.
I 1986 publiserte ho boka «Folkedrakter i Sunnhordland – frå Tysnes på 1800-talet». Ho har seinare bygd opp ein database over gamle draktplagg frå Tysnes, der til no over 600 plagg er registrert og som ho også vidarefører i ein blogg. I 2021 gav ho ut boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar».
Britt er utdanna som ergoterapeut og har også studert draktkultur ved Universitetet i Bergen og NTNU. Ho er no i gong med modulbaserte historiske draktstudiar i Danmark
Inngong 150,-

Sjå mindre

The event is finished.

Date

09. mai 2023

Time

19:00
Skip to content