Utstillingsopning med føredrag – «Tidemand i miniatyr»

Velkommen til utstillingsopning «Tidemand i miniatyr – Dokker i Folkedrakt etter Adolph Tidemann sine draktstudier»

24. mai 2022 opnar ei litt uvanleg utstilling på Sunnhordlandstunet. Utstillinga består av 22 figurar kledde i draktplagg kopiert etter drakter frå Adolph Tidemand sine portrett frå Vestlandet, utført midt på 1800-talet. Det er tekstilkunstnar og dokkemakar Britt Kjellesvik Rage frå Tysnes som har laga både figurar og draktplagg, som er kopiert ned til minste detalj. I boka «Tidemand i miniatyr – Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar» finn ein detaljerte skildringar og mønster til kvar dokke.

Britt Kjellesvik Rage kjem sjølv til opninga og held føredrag om prosessen frå ide til utstilling. Det vert høve til å kjøpa boka «Tidemand i miniatyr» Av Britt Rage.


The event is finished.

Date

24. mai 2022

Time

18:00 - 20:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

90 NOK
Skip to content