Vindmøllekampen – Føredrag med Anders Totland

16. september inviterar vi til temakveld med forfattaren av boka Vindmøllekampen, Anders Totland.

Kvifor har motstanden mot vindkraft eksplodert i Noreg? Utbygging av nye vindkraftanlegg hadde politisk støtte og skapte lite konflikt, men no er det bråk over heile landet. Debatten om vindkrafta har hardna til, nyhendebiletet har vore prega av brennande anleggsmaskinar, stadig nye rettssaker, skuldingar om korrupsjon, kommunevåpen som er spraya med hakekors, og utanlandske selskap har møtt påstandar om at dei prøver å fullføra det tyskarane ikkje klarte på 1940-talet.

Anders Totland reist land og strand rundt for å forstå kva i alle dagar det er som skjer. Han tar oss blant anna med til Trøndelag og den store, nasjonale mobiliseringa på Frøya, til starten på organisasjonen Motvind, til Sognefjorden der lokalpolitikarane kjempar iherdig mot utbyggingskåte selskap, og til Andøya der vindkraftmotstandarane har sigra.

Totland viser korleis storpolitikken utspelar seg dag for dag, med stadig fleire kritiske blikk på vindkraftutbygginga. Men aller mest opptatt er han av menneska. Kva er det som får dei til å reisa seg til kamp? Kva er det som triggar og driv og får elden til å spreia seg frå sjel til sjel, og folk til å halda ut – år etter år?


The event is finished.

Date

16. september 2021

Time

18:00 - 19:30
Skip to content