Vinterferie på museet!

Vinterferie på museet!
I vinterferien arrangerer museet kreativ verkstad for både store og små tysdag, onsdag og torsdag frå kl. 11 – 14!
Museet har elles ope frå kl. 11 – 15 tysdag til fredag med utstillingar og kafé.
Kva skjer?
Du kan sjå deg om i den nyaste utstillinga vår, STOLtinget, som er ei magasinutstilling under arbeid, her kan du sjå blant anna korleis konservatoren arbeidar, og korleis museet jobbar for å skape ei utstilling!
I år samarbeider me med både Stord Husflidslag og Berekraftvekene på Stord, og har fokus på berekraftige aktivitetar for barn og unge. Det vert blant anna stoljakt i den nye utstillinga, måle- og modellstolverkstad med heimelaga måling, saumverkstad med kyndig rettleiing frå husflidslaget, med meir! Kafeen er sjølvsagt open.
Velkommen til store og små!