Vinterferie på Sunnhordlandstunet
I vinterferien held Sunnhordlandstunet ope museum med aktivitetar tysdag, onsdag og torsdag, mellom kl. 11 og 14.
Familieaktivitetar: I verkstaden riggar me til med forskjellige handarbeidsaktivitetar, her kan ein til dømes få veve sitt eige armbånd eller hårbånd med brikkevev eller grindvev, eller lage eit påskekort. I museumskafeen kan ein spele kort- og brettspel. Ellers er utstillingane Det starta med silda, Den Vesle manns kunst, og tekstilutstillinga opne.
I kafeen kan ein få kjøpt nysteikte vaflar, sjokoladekake, kaffi, saft og brus.
Pris: Ordinær billett, 100 kr. for vaksen og 40 for born. Born under 10 år er gratis.
Escaperommet er mogleg å bestilla tysdag, onsdag og torsdag kl. 14:00 her: Book escaperoom
Onsdag 28. februar frå kl. 11:00 held Stord Husflidslag strikke- og handarbeidskafé for medlemmar og andre interesserte.