Opningstider sommaren 2019:
29.juni t.o.m. 18. august:
ope laurdag og sundag kl.11-00 – kl.16.00
Sæbøtunet i Etne
Sæbøtunet er gamletunet på ein av dei eldste gardane i Etne. Det er det største autentiske museumstunet i Sunnhordland.
Bygningane i Sæbøtunet viser sosiale tilhøve, byggeskikk og handverk på 17- og 1800-talet. Dei 8 bygningane i tunet er innreidde med møblar, arbeidsreiskapar og tekstilar frå denne perioden.
I 2016 vart det utført omfattande restaurering av tunet, og bygd eit lite amfi i møkaskuten, kalla «Forteljarskuten». Den blir no mykje brukt av barnehagar og skular, lag og organisasjonar. Ta kontakt for leige av lokale.
På Sæbøtunet arrangerer me kvart år flott St.Hans-feiring 23. juni. Det innleiar også sommarsesong med ope tun og omvisingar i helgane.