Sunnhordland Museum er regionalt ansvarsmuseum for alle dei åtte kommunane i Sunnhordland; Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes.
Museet er «minnebank» for heile Sunnhordland. Det vil sei at museet dokumenterer regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Museet skal fremja interesse for kunnskap om fortida, og stimulera både innbyggarar og besøkande si interesse for regionhistoria.
Museet tilbyr òg fleire rådgivingstenester for innbyggarane i regionen: bygningsvern, samlingsdrift, formidling og bevaring.
Sunnhordland museum forvaltar nær 40 antikvariske bygningar, ei stor gjenstandssamling, samt foto- og privatarkivsamlingar. Museet arbeider med mange historiske fagfelt som strekkjer seg frå mellomalderen på Halsnøy kloster, via den tradisjonelle fiskar- og bondekulturen og tidleg industrialisering ved båtbygging, gruvedrift og hermetikkindustri, fram til dagens moderne skips- og petroleumsindustri.
Sunnhordland museum sitt hovudbygg ligg i Leirvik (ta kontakt) på Sunnhordlandstunet. Museet har òg fleire historiske tun, som Halsnøy kloster (Kvinnherad) og Sæbøtunet (Etne).
Sjå dokumentasjon av ulike gjenstandar frå samlinga vår: Sunnhordland museum i DigitalMuseum.
Prisar
Inngongsbillett:
Vaksen kr. 100.-
Born 10-16 år kr. 40.-
Born opptil 10 år gratis
Student/pensjonist kr. 75.-
Grupper over 15 pers. kr. 75.-
Besøk utanom opningstid:
For grupper over 15 personar. Er det mindre personar i ei gruppe, vert prisen rekna for 15 personar.
I sesong tilbys omvisning i ordinær inngangsbillett. Utanom sesong kan omvisning tingast/ tilbys for eit tillegg på kr. 15 pr. pers.
For andre opplegg og grupper utanom opningstidene: ta kontakt med museet.
Leige av lokale?
Me har fleire lokale til leige, både på Sunnhordlandstunet og Halsnøy Kloster.