Ved Sunnhordland museum kan ein få rådgiving og hjelp i høve bygningsvern, ivaretaking av gjenstandar, og undervising:
- Gjenstandar og samlingar: Lurer du på kva gjenstand du har, og korleis den best kan ivaretakast? Ta kontakt med konservator Helge Pedersen.
- Bygningsvern: Me kan hjelpa med søknader om støtte til restaurering, og rettleiing i korleis du best kan ta vare på gamle hus og bygningar. Ta kontakt med byggningsvernsrågjevar.
- Formidling/undervising: Me tilbyr undervisningsopplegg for alle klassetrinn, barnehage, vidaregåande og høgskule. Ta kontakt med formidlingsleiar.
- Museumsfagleg rådgiving: Me tilbyr museumsfagleg rettleiing og bistand for aktørar som driv med historisk dokumentasjons- og formidlingsarbeid i Sunnhordlandsregionen. Ta kontakt med museumsrådgivar Trine Kyvik.
Sjå også oversikta over tilsette ved museet.