Kor går streken?

06.11.2026

Er alt lov?
Kven bestemmer kva som er lov?
Kven bestemmer kva som er sant?
Kven bestemmer kva me får seie?
Kva skjer når ytringsfridomen møter makt og sensur?
Kva skjer når ytringsfridomen møter ansvar og andre menneske sine grenser?
Og, kva skjer dersom me sluttar å seie det me meiner?

Utstillinga «Kor går streken?» tek utgangspunkt i temaet frå ungdomsromanen «Alt er lov», av Tor Arve Røssland. «Kor går streken» er ei forlenging av utstillinga «Den vesle manns kunst», som syner trykksaker i frå Einar Økland sine samlingar. Utstillinga prøver å trekkje ei linje frå motstandsrørsla som risikerte livet for å spreie informasjon under andre verdskrig, til menneske som i dag risikerer sosial utestenging og truslar for å ytre seg i ulike kanalar.

Tida og synet på verda flyttar grensene for streken. Kanskje «Alt er lov» ikkje handlar om at alt skal vere tillate, men om at vi må våge å undersøkje kor streken går i dag?

«Kor går streken?» er eit samarbeid mellom Sunnhordland Museum, Bachelor-utdanninga i Kunstfag ved Høgskulen på Vestlandet og Falturiltu.

Utstillinga passar for alle mellom 13-100 år og er perfekt for besteforeldre som vil ta med eldre barnebarn.