Sommarope og sommarutstillinga 2026

14.06.2026
–09.08.2026
vanlig inngongsbillett

«Den ubeskrivelege kjensla»

Opningstider

Miriam Petersen Eide, vart født i 2001 og vaks opp på Halsnøy, men held no til i Bergen. Dei siste to åra har Miriam tatt kunstutdanning ved Kunst skulen i Bergen og blei uteksaminert i mai 2026 med høgare fagskulegrad.

Denne utstillinga inneheld fem arbeid frå 2024-2026, utvikla i tida på Kunst skulen, KiB. ¨Eitt minutt til midnatt¨, ¨Den ubeskrivelege kjensla¨,¨ Where identity lives”, ¨In these hands, where I rest¨ og ¨The universe keeps testing my limits, but I will persevere.¨

Tema som er gjennomgåande for arbeida til Miriam er minne, einsemd, barndom, sjukdom og identitet. I eit forsøk på å gi fysisk form til språklause minner og erfaringar, brukar ho mellom anna tekst, lyd, foto, teikning og skulptur, ofte i kombinasjon med kvarandre.

I desse arbeida undersøkjer Miriam forhaldet og utfordringane ein møter i kvardagen når ein lever med usynleg mental og fysisk sjukdom, og korleis dette påverkar oss i alle sosiale samanhengar. Dersom det er depresjon, angst, sorg, konflikt eller smerter ein ber med seg inn i alle samanhengar, både heime og i offentlegheit. Korleis det ikkje tar slutt berre fordi du går ut døra og tar på maska. Ein ber det med seg, og det veg like tungt, sjølv om dei rundt oss ikkje kan sjå det. Men òg korleis livet heller ikkje stopper opp sjølv om ein ber tungt. Arbeida utforskar forhaldet til kropp, identitet og helse.

«Kvifor skal ein måtte skjule det? Kvifor skal ein måtte overbevise alle andre om at smertene er ekte? Kvifor skal ein måtte være sterk heile tida? Kvifor blir me flau når me viser sårbarheit og kvifor må me tryggje andre når dei blir ukomfortable rundt vår sårbare verkelegheit?»

 Dette er spørsmål Miriam stiller og utfordrar oss på gjennom disse fem ulike verka.

Historisk utstilling om Halsnøy kloster

I tillegg til sommarutstillinga har Halsnøy kloster ei permanent historisk utstilling der du kan vandre rundt på eiga hand og få med deg mykje av klosteret si historie, gjennom tekst, bilete og gjenstandar.