STOLtinget

21.01.2025
–17.08.2025
Ordinær inngangsbillett

– ei forsamling av stolar frå Sunnhordland.  

I perioden frå 21. januar til 17. august inviterer SUMU publikum til ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som utgangspunkt og drivkraft.  

I museet si samling finst det ei rekke stolar frå heile regionen. Desse stolane er ein del av vår felles kulturarv som museet tar vare på – for framtida. Denne våren skal fleire av desse fram i lyset!

Kva kan desse stolane fortelje oss?

Stolane fortel om stilhistorie, ulike funksjonar, formgjeving, konstruksjon, materialbruk og overflatebehandling. Nokre fortel om kven som har laga dei, om kven som har eigd dei, og om kor og kva tid dei har vore nytta. Nokre har vore brukt under høgtid, på eit kontor, i kantiner, i skulehus og i bedehusets sal. Mange har vore i bruk på kjøkenet i kvardagen. Nokre stolar har òg ei personleg forteljing knytt til seg – som til dømes barnestolen, som er formgitt av ein innsett i fengselet på Stord. STOLtinget vil gi innsikt i museet sitt arbeid med samlingsforvaltning og registrering.  Dette arbeidet er ein stor del av museet sitt arbeid og ansvar, men er sjeldan utstilt eller framheva.

Ver velkomen til STOLtinget! 

Skip to content