

KULTURARENA
Gjennom heile året vert det arrangert små og store tilskipingar som omvisingar, utstillingar, føredrag, konsertar og den årvisse «klosterdagen» med rikt program for store og små.

UTLEIGE
Det er mogleg å leiga lokale på Halsnøy kloster til møte og andre arrangement. Klosteret er godkjend som vigslingsstad, og blir brukt både av den norske kyrkja, den katolske kyrkja og Human-etisk forbund.

NØKKELSTAD langs kystpilgrimsleia
Halsnøy kloster er også ein av 26 nøkkelstader langs kystpilgrimsleia som strekkjer seg frå Egersund til Trondheim. Meir info finn du her: Kystpilgrimsleia

KULTURLØYPA
I området rundt Halsnøy kloster finn du ein innhaldsrik kulturløype utarbeida i samarbeid mellom Venelaget for Halsnøy kloster, Sunnhordland museum og Riksantikvaren. Meir om løypa og kart:

LOKALITET GEOPARK SUNNHORDLAND
Halsnøy Kloster & morene :Halsnøy-morenen strekkjer seg over fjorden og over Halsnøy. Klosteret vart bygd på denne grøderike morenejorda til kroninga av vesle Kong Magnus i 1163, like ved marmor-forekomstane på Hidle som vart nytta i kistemurene.
KUNSTNAROPPHALD
Halsnøy kloster har mellom 2010 – 2025 hatt kunstnaropphald ( Artist-in-Residence) for 70 fotobaserte kunstnarar frå 28 land over heile verda. Programmet vert avslutta hausten 2025 med jubileumsutstilling fleire stader, Følg med!
AKTUELT/KVA SKJER
I kolonna til høgre på sida finn du aktuelle saker frå Halsnøy kloster.




