Skip to content

Sunnhordlandstunet

Sunnhordlandstunet i den flotte Vidstenparken på Stord er besøks – og administrasjonssenter for Sunnhordland museum.

På museumstunet er det samla 10 bygg frå ulike stader i Sunnhordlandsregionen. Tunet var opprinneleg tenkt som eit stort og sentralt bygdetun med dei eldste og finaste bygningane i distriktet, men museet gjekk alt i mellomkrigstida bort frå denne tanken, og ville heller verna tun og bygningar i deira opphavlege miljø. I tunet kan du sjå nærare på ei røykstove, truleg frå 1500-talet, eller ei glas- og lemstove frå 1650. I tillegg er smie, stabbur, eldhus, løe, starnsdsitjarstove, krambu og skulehus representert på tunet.

I vårt besøkssenter kan du vandra i utstillingane, tinga ei omvising ute på tunet, besøka vårt escaperoom eller delta på eit av våre mange arrangement gjennom året.

Utstillingar på tunet

Kva skjer på tunet?

Ingen hendingar!
Opningstider

2025:

tysdag – fredag: kl. 11:00 – 15:00

Stengt onsdag før påske.

Sommarsesong:

21.juni – 17.august

Ope tysdag – sundag: kl. 11:00 – 16:00

Helligdagar stengd/closed for public holidays.

 

Escaperommet har ledige tider på førespurnad, ta kontakt på mail eller telefon.

Finn vegen

Finn vegen til tunet!

Omvisning

Sommarsesong medio juni – medio august: Daglege omvisningar i tunet.

Utanfor sommarsesong – gruppebestilling etter avtale til post@sunnhordland.museum.no

Pris

Vaksen kr. 100,-
Born 10-16 år kr. 40,-
Born under 10 år – gratis.
Honør/student kr. 75,-
Gruppebillett over 15 pers. kr. 75,-

I sommarsesong tilbys omvisning på tunet og i husa i ordinær inngangsbillett.

Omvising utanom oppsette tider i sommarsesong: 200,- per pers.
For større grupper: ta kontakt.

Aktuelt frå

Sunnhordlandstunet