ÅRSKORT 2024

Kjøp eit årskort til deg sjølv eller nokon du er glad i.

Sunnhordland museum har 3 publikumsopne tun med eit variert program gjennom heile året:

  • Sunnhordlandstunet på Stord – heilårsope
  • Halsnøy kloster i Kvinnherad – sesongope
  • Sæbøtunet i Etne – sesongope

Eit innhalsrikt program:

I sommarsesongen tek våre sommarvertar imot deg på tuna. Omvising i hus og utstillingar. Aktivitetar for born og unge, museumskafé og uteleik.

Gjennom heile året tilbyr vi eit rikt program fordelt på dei ulike tuna. Her er familiedagar og famileaktivitetar i skuleferiar, escaperoom, temakveldar og andre kulturarrangement.

Programmet vert fortløpande oppdatert på museet sine heimesider www.sunnhordland.museum.no

Med eit årskort på Sunhordland museum tilbyr vi:

  • fri entre til museumstuna i våre opningstider
  • gratis eller rabatt på dei fleste arrangement og aktivitetar i museet sin regi (*nokre unntak)
  • 10 % rabatt ved bestilling av escaperoom
  • 10 % rabatt i våre museumsbutikkar
  • gratis kaffi ved open kafé

Pris for årskort:

Enkeltperson 290,-

Familie 490,- (2 føresette/besteforeldre med 2 born t.o.m. 15 år)

Her kan du kjøpe årskortet: https://ebillett.no/90042400000000/297

Vis fram kvitteringa for kjøp ved første besøk så får du eit fysisk årskort. 

Skip to content