(U)synleggjering av kvinnelege fotografar i fotohistorien – belyst gjennom haugesundsfotografen Thea Larsen og hennar glasplater

Grethe Paulsen Vie, etnolog og konservator ved Haugalandmuseene, har stilt seg spørsmålet om kven og kva me løftar fram frå våre samlingar og arkiv.

Med utgangspunkt i haugesundsfotografen Thea Larsen søker ho å svare på spørsmål om kvifor så mange kvinnelege fotografar, i større grad enn menn, er blitt usynlege og gløymd.

Det var mange kvinner som begynte med fotografering rundt år 1900, også her på Stord, og det er i denne samanheng me ønskjer å kople Paulsen Vie si forsking til jubileumsåret for Severin Kannelønning. I vårt samlingsarbeid frametter ønskjer Sunnhordland museum og løfte fram dei kvinnelege fotografane og deira rolle i Sunnhordlandsregionen.

DETTE ER EIT FØREDRAG SOM INNGÅR I KVINNEDAGSMARKERINGA OG PROGRAMMET TIL 8. MARS-INITIATIVET STORD.

Pris: 150,-
Stad: Museumshallen/ Sunnhordlandstunet
Tid: kl. 12:00

Kjøp billett her

Skip to content