«From Halsnøy with love» – utstilling

«FROM HALSNØY WITH LOVE» 17.AUGUST – 14. SEPTEMBER 2024

 Nastassja Nefjodov (Tyskland/Russland), Richard Petit (Frankrike), Francois Hendrickx (Nederland)

 Utstillingsopning: Lørdag 17. august, kl 17.00

Utstillinga vert  opna av ordførar i Kvinnherad kommune, Vegard Bjørnevik

Alle tre kunstnarane vil vere tilstades ved opninga.

Sunnhordland Museum ynskjer velkomen til A-i-R utstilling nummer 24 ved Halsnøy kloster.

I september 2023 var desse tre kunstnarane på opphald på klosteret, og alle kom med si eiga sterke historie i bagasjen. Gjennom arbeida sine syner dei kvar på sitt vis korleis dei i løpet av opphaldet har hatt dette med seg i møtet med Halsnøy. Det vart mange samtalar om store spørsmål, og desse kunstnarane og denne utstillinga er eit godt eksempel på korleis ein ved å ikkje vike unna for det vanskelege kan komme ut med eit resultat som er sterkt, nakent, og vakkert.

Me er særs glade for at alle kunstnarane denne gongen vil vera tilstades ved opninga.

Nastassja Nefjodov

Nastassja Nefjodov er ein tysk – russisk kunstnar busett i Amsterdam, og er utdanna ved Fotoacademie Amsterdam.

Ho arbeider innan fleire disiplinar, elskar å jobbe med arkivmateriale, og tek føre seg store problemstillingar ved å fortelje personlege historiar. Ho trur på at å dele sårbare historiar er med på å gjere ein sjølv frisk, og kan medvirke til å hjelpe andre, – å bryte ein sirkel av vold og smerte.

Nastassja kom til Halsnøy berre eit par månader etter at partnaren hennar brått døydde, og kom til Noreg i ein periode prega av djup sorg. Ho hadde ikkje rørt kamera sidan han døydde, då det var eit viktig verktøy i kommunikasjonen dei imellom, og brått var det vanskelig å bruke det.

Ho seier: «Eg kom til Halsnøy utan noko plan eller ide, trong berre å puste og finne fred i naturen.

Eg ante ikkje kor det eventuelt ville føre meg. Eg gjekk gjennom huset, skogen, ved sjøen. Observerte meg sjølv, sorga mi, omgivnadane, slåst med monster, fann venleik, fann på ny glede og nysgjerrighet.»

Arbeida frå Halsnøy har ho kalla «Where it Will Lead Me” (Kvar det vil føre meg).

Noko av det ho stilte spørsmål ved var at menneske etter gravferda er fysisk borte frå oss, medan døde tre står svært synlege mellom dei levande. Nastassja brukte opphaldet på klosteret til å starte snuprosessen i sorga, ved å utforske og uttrykke si eiga smerte, og slik bruke kunsten til å hjelpe å ta vare på henne sjølv.

«Eg tilnærmar meg sorga med humor og leik, ein prosess som kan kjennast komfortabel og hindre sorga i å verte overveldane».

Richard-Petit

Richard Petit bur og arbeider i Arles i Sør-Frankrike. Han er utdanna mekanikar, filosof og fotograf, og underviser i fotografi fleire stader.

Richard skulle eigentleg ha vore på opphald for nokre år sidan, men alvorleg sjukdom førte til at det måtte utsetjast. Me var svært glade for at han endeleg kunne komme i fjor, og at han er tilstades igjen ved opninga.

Richard Petit har teke utgangspunkt i reisa til Pytheas som kring år 325 fvt reiste frå Marseille til det mytiske Thule. Richard kom altså til Halsnøy frå omtrent same området som Pytheas, og ein meiner at Thule kan ha vore ei øy i Noreg.

I jakta på det han ville fotografere stansa Richard føre to gigantiske steinar langs Strondavegen.

Spesielle som dei er, utgjer dei sjølve definisjonen på pittoresk eller malerisk: noko som fortener å bli måla eller fotografert.

«Med favorittkameraet mitt – eit 4×5´´ kamera, arbeidde eg på same vis som 1800-tals fotografane: dei inkluderte gjerne ein assistent i bildet for å vise storleiken på motivet. Eg inkluderte meg sjølv, og fekk laga ein stor print av bildet.»

I tillegg til det store bildet, syner Richard transparentar i lysboksar. Desse er i 4×5 tommar formatet, og synleggjer prosessen med å lage bildet ved å både vise negativet og det positive bildet. Der er og nokre bilder som framkallar tankar om den fjerne reisa til Pytheas, ei reise Richard óg opplever han har gjennomført etter sjukdomen for å komme tilbake frå dei døde.

Tittelen på Richard sitt prosjekt er det som har gjeve tittel til utstillinga: «From Halsnøy with Love».

Francois Hendrickx

Francois Hendrickx er basert i Amsterdam, er utdanna i sosial historie ved universitetet i Nijmegen og i fotografi ved Fotoacademie Amsterdam. Hans hovudinteresse innan fotografi er ein kombinasjon av historie og landskap. Han seier at han prøver å forstå spora av ei personleg historie som ikkje alltid var lett. Dette ynskjer han å gjere med empati og djup forståing for folk og situasjonar som har forma denne historia. Han ser på kvifor og korleis han forstår si verd, og korleis og kvifor hans forståing av verda har utvikla seg slik den gjorde.

På Halsnøy arbeidde han med eit pågåande prosjekt kalla «Seeking Shelter». Dette prosjektet har han halde på med i fleire år. Landskapa i desse bildene brukar han som metaforar på ein kamp for å forstå ei verd der ingen stad var trygg. Dersom ingen stad er trygg, kvar skal du då søke dekning?

I tillegg syner han eit litt spesielt prosjekt med tittelen «Dream of the Crab».

Han brukar ein kombinasjon av digital teknikk og det eldgamle camera obscura prinsippet, der linsa består av eit hol laga med ei knappenål, såkalla pinhole.

Bildene fokuserer meir på atmosfære og struktur enn på skarpheit og detaljar, og tek difor betraktaren med på ei reise gjennom fleire lag av kjensler, noko ein ikkje ofte tek for seg i tradisjonelt fotografi.

For informasjon om Klosteret, opningstider og anna, kontakt Sunnhordland Museum

hkl@sunnhordland.museum.no, tlf. 53413899/ 48130020

For meir informasjon om utstillinga og AiR programmet, kontakt Øyvind Hjelmen

(kunstnarleg leiar for AiR-programmet) tlf 9008 0778 eller oh@oyvindhjelmen.com

Skip to content