Kjøp eit årskort til deg sjølv eller nokon du er glad i.
Sunnhordland museum har 3 publikumsopne tun med eit variert program gjennom heile året:
- Sunnhordlandstunet på Stord – heilårsope
- Halsnøy kloster i Kvinnherad – sesongope
- Sæbøtunet i Etne – sesongope
Eit innhalsrikt program:
I sommarsesongen tek våre sommarvertar imot deg på tuna. Omvising i hus og utstillingar. Aktivitetar for born og unge, museumskafé og uteleik.
Gjennom heile året tilbyr vi eit rikt program fordelt på dei ulike tuna. Her er familiedagar og famileaktivitetar i skuleferiar, escaperoom, temakveldar og andre kulturarrangement.
Programmet vert fortløpande oppdatert på museet si heimeside, facebook og instagram.
Med eit årskort på Sunnhordland museum tilbyr vi:
- fri entre til museumstuna i våre opningstider
- gratis eller rabatt på dei fleste arrangement og aktivitetar i museet sin regi (*nokre unntak)
- 10 % rabatt ved bestilling av escaperoom
- 10 % rabatt i våre museumsbutikkar
- gratis kaffi ved open kafé
Pris for årskort:
Enkeltperson 290,-
Familie 490,- (2 føresette/besteforeldre med 2 born t.o.m. 15 år)
Årskortet gjeld i eitt år frå datoen det vert kjøpt/gjeve i gåve.
Vis fram kvitteringa for kjøp ved første besøk, så får du eit fysisk årskort.