Mitt ferdaskrin

Sunnhordland museum har over tid samla inn mange ferdaskrin og reisebommer frå regionen. Desse skrina har ei lang historie og tradisjon og dei var ofte rikt dekorerte. I reisebommene pakka ein med seg mat og niste, medan ferdaskrina blei brukte til oppbevaring og som koffert på reiser, kor ein frakta med seg utstyr til heimen, verdisaker, minner og arv – frå stad til stad – frå land til land.

Talande ting frå fortida, frakta med seg for framtida.

Korleis kan Sunnhordland museum representere det mangfald av kulturar som finst i samfunnet? Korleis kan brukarane få vere med og definere seg sjølv og sin kulturelle identitet i møte med museet sine gjenstandar? Korleis kan Sunnhordland museum vere ein møtestad for dialog og kvardagsintegrering?

Med utgangspunkt i eit av museet sine mange ferdaskrin sette Sunnhordland museum i januar i kraft mangfaldsprosjektet «Eit mangfaldig vi – om representasjon og formidling av kulturarv i ei ny tid». I samarbeid med mellom anna norskopplæringa for framandspråklege i Stord kommune og innføringsklassen ved Stord vidaregåande skule har museet starta utviklinga av delprosjektet «Mitt ferdaskrin» – der ungdomar og vaksne med migrasjonsbakgrunn deltek.

Mange av ungdomane me rettar oss mot er undervegs. Dei har lagt ut på ei reise – ei ferd – frå ein annan kultur, språk, nasjon eller land. Dei har reist eller flykta til Norge av ulike grunnar, men felles for dei nett no er at dei er ungdomar, får norskopplæring og ber med seg sin eigen kultur inn i eit nytt land og ein ny kultur.

Korleis vil desse ungdommane (og dei vaksne) uttrykke sider ved sin eigen identitet og kulturarv?
Kva har ein til felles og kva er ulikt?
Kva tek ein med seg vidare frå nye kulturmøter?
Oppstår det ein ny felles kulturarv?


Gjennom eit «seriebesøk» på museet har me ønskja at både ungdomar og vaksne skal få delta aktivt under museumsbesøka og at deira stemme skal få komme til uttrykk gjennom dialog og aktivitet i ein praktisk og estetisk workshop. Med fotografi frå deira eigen kulturarv har dei fått materialisere deira oppfatning av kulturell identitet gjennom å skape sine eigne ferdaskrin (reiseskrin).
Gjennom samtalar og dialog har museum og deltakarar utveksla forteljingar og fått innsyn i kvarandre sine kulturar. Ferdaskrina har blitt ei form for dokumentasjon av korleis dei ser på seg sjølv, sin eigen kulturelle identitet og om draumen og håpet for framtida.

Sterke og personlege møter har funnet stad i museet gjennom dette første prosjektet.

Skip to content