Forfattaren og biblioteksjefen Jens Tvedt vart fødd 14. juni 1857 på garden Tveito i Omvikdalen, Kvinnherad kommune. Han levde store delar av livet i Stavanger fram til 1935.
Tvedt var ein kjent såkalla Heimstaddiktar i brytning mellom sjangrane naturalisme og realisme. Han skreiv over 20 romanar og skodespel på nynorsk.
«Berre to mann i landet har skrive norsk: Ivar Aasen og Jens Tvedt, og sume andre når dei retteleg var i godmølet… Rikt, varmt og fint, utan bråk og fusk, får han (Tvedt) fram det fagre i livet. Det er ikkje dei store hende han skildrar. Han lagar ikkje teater, han er ikkje nokon minesprengjar. Diktingi hans minner om bundingen som maske for maske veks mellom trottige fingrar. Ein les og lyer til tonane hans som var det huldreslått, der han steg for steg gjennom stilslege naturskildringar leier oss inn til botnen av sjelelivet hos mann og kvinne.» – Arne Garborg
Nett som Arne Garborg ønska ikkje Tvedt å skriva på bokmål slik dei store forlaga kravde, og betalte på eit vis prisen for det.
Sunnhordland museum eig og driv barndomsheimen hans. Museet held for tida på med å restaurera huset og ser fram til ei nyopning for publikum.
I anledning forfattarens bursdag presenter me her 3 foto av Jens og av faren hans frå Omvikdalen. Det eldste portrettet av Jens er frå tidleg på 1900-tallet, det er fint dekorert og sannsynlegvis ein kostbart sak på denne tida. Det andre er eit vanlegare portrett frå mellomkrigstida. Fotoet av faren Johannes Tvedt er teke på ein tur i kålåkeren.

Under ligg video og Kulturpunkt som presenterer meir av historia: