Eit sus av liv- frå klosteret si stordomstid
Fredag 4. desember vert det ein innhaldsrik temakveld med konsert av Kammerskoret og filmpremiere for Halsnøy kloster

Gjennom ord, tonar og film reiser vi tilbake til tida då klosteret sto i all si prakt, då munkar gjekk mellom murane, då songdansar akkompagnert av lutt var hoffunderhaldning i Europa, då musikken braut laus frå den gregorianske monotonien og menn med pipekrage framførte stadig meir polyfone og ordmålande songar i salongane til dei nokolunde velståande. Denne kvelden vil Kammerskoret framføre – og fortelje om musikk frå renessansen – alt frå folkelege drikkeviser til gripande madrigalar om ulukkeleg kjærleik. Og er det ikkje slik som Sigrid Undset skreiv: «Ti sed og skikk forandres meget, alt som tiderne lider og menneskenes tro forandres, og de tenker annerledes om mange ting. Men menneskenes hjerter forandres aldeles intet i alle dager.» Og denne musikken og desse tekstane frå tida da klosteret sto på høgda av si makt snakkar så visst framleis til oss i dag.

Det blir ein god pause i konserten, med høve til å få seg noko leskande – og då kjem rosinen i pølsa: publikum får sjå den nye animasjonsfilmen frå Halsnøy kloster Anno 1320, der vi blir tekne med rundt og får sjå heile anlegget slik det kan ha sett ut på denne tida. Korleis denne har blitt skapt får vi og høyre om av konservator ved Sunnhordland museum, Helge Pedersen. Slik håpar vi denne kvelden på ein unik måte vil gjere historia frå klosteret si stordomstid levande for oss.
Me gjer merksam på mogelege endringar, så følg med !