«Frå okse til A»

Frå okse til A

Eit føredrag om bokstavane si lange vandring frå bilde til bokstav: Korleis kunne hovudet til ein okse i hola på Altamira bli til den første bokstaven i alfabetet vårt? Har alle bokstavane blitt til gjennom ein lang prosess, eller har nokre kloke menneske berre bestemt forma etter eige hovud? Korleis påverka materialane denne utviklinga og kvifor blei ikkje runene den skriftforma alle skulle bruka? Kvifor er skriftforma i nokre land så annleis enn det latinske alfabetet vårt? Desse og nokre fleire spørsmål skal Bas kåsere rundt når han vitjar Halsnøy kloster, fredag 22. januar.

Velkomne til ein spanande reise!