Armar&Bein – konsert

armarogbeinArmar & Bein er ein stor fryd for øret. Bandmedlemmene har fartstid frå mange forskjellige sammanhenger. Av desse kan nemnast: Nurk Twins, Smalhans, Bernad Jenkins, Asfalt, Stavangerensemblet + mange mange fleire.

Vi er særs glade for å ha dei med i samband med utstillilngsopninga til Einar Sira tidlegare på ettermiddagen, og dermed også opne påskeveka på høveleg vis.

Kjøp billettar HER

Armar & Bein har eksistert sidan 1999. I utgangspunktet vart bandet etablert med det føremål å presentere songar av Tom Waits, Van Morrison og Bob Dylan oversett til norsk, til kav stavangersk. Men etter kvart byrja det å snike seg inn nokre eigenskrivne songar i coverlåtparadiset…

Gruppen dyrkar ikkje beinhard disiplin og stramme arrangement. Medlemmane har ein filosofi som går ut på å traktera musikken som ei organisk greie. Poenget er å rive ned di musikalske stengsla og begrensingane. Den handler om kjensler – og spelinga avhenger av kva ein ser, føler og opplever undervegs. Dei riv songane frå kvarandre og for å så byggje dei opp igjen. Difor varierer dei fra speling til speling. Alle tekstane handlar om lokale personar, historier og ord & uttrykk.

Medlemmer:

Hans Christian Hansen – Perkusjon/sang

Kim Hansen – Perkusjon/Sjarm

Tor Egil Jensen – Bass/Prince

Øystein Eldøy – Gitar/sang

Bjørn Inge Kristensen – Sang/nikking


Meir informasjon

Read More

The event is finished.

Date

10. april 2022

Time

18:00 - 20:00

Lokasjon

Halsnøy kloster
Skip to content