«Ukjend territorium» artist-in-residence utstillingsopning

Søndag 7. mai kl. 17.00 vert det på ny artist-in-residence utstillingsopning. Denne gong  med verk/arbeida som Jessica Hines, USA, Andy Mattern, USA og Torbjørn Morvik, Norge utvikla under sitt opphald her i 2022.To av kunstnarane, Andy Mattern og Torbjørn Morvik, vil vere tilstades ved opninga.

 

Andy Mattern, Jessica Hines og Torbjørn Morvik

ARTIST – IN – RESIDENCE UTSTILLING PÅ HALSNØY KLOSTER 7.MAI – 3. JUNI 2023

 Jessica Hines (USA), Torbjørn Morvik (Norge), Andy Mattern (USA)

 Utstillingsopning Søndag 7. mai, kl 17.00

Sunnhordland Museum ynskjer velkomen til A-i-R utstilling nummer 23 ved Halsnøy kloster.

I mai 2022 var Jessica Hines, Andy Mattern og Torbjørn Morvik saman på klosteret der dei utvikla kvar sine prosjekt, med kvar sine blikk på staden, folka og opplevinga dei hadde ved å vera der i tre veker. Dei vart ein godt samansveisa gjeng som var svært produktive, og uttrykker seg svært forskjellig.

Jessica Hines er utdanna ved universiteta i St. Louis og Illinois der ho tok henholdsvis bachelor- og mastergrad i Fine Arts. Ho arbeider som biletkunstnar og visuell historieforteljar, ho underviser, held føredrag, og stiller ut over store deler av verda.

Jessica fekk stor merksemd for prosjektet «My Brother´s War» som kom i bokform i 2021. Dette handlar om hennar storebror som var i Vietnam, og som nokre år etter at han kom heim tok sitt eige liv. Jessica har rekonstruert delar av historia hans sett frå hennar standpunkt, og har vunne fleire prisar for dette arbeidet. På Halsnøy arbeidde ho fram to seriar; Destination: Uncharted og Self-Portraits: Ephemeral Fusion.

Den første laga ho på dagar med dårleg vêr, då arbeidde ho inne og konstruerte landskap som ho kombinerte med naturleg materiale ho hadde samla utandørs. Resultatet er svært vakre og spanande bilete av ei fantasiverd som utvikla seg medan ho arbeidde.

På solrike dagar fotograferte ho sin eigen skugge som flyktige sjølvportrett i eit landskap som er kjenneteikna av eldgamle tre, blomar som kjem att kvar vår, og skogbotnen som har lege uendra i årtier.

Torbjørn Morvik er opphaveleg frå Bergen, men bur og arbeider i Oslo der han i mange år arbeidde i NRK, for det meste som dokumentarfilmskapar. Han har motteke sju internasjonale prisar for dokumentarane sine, og er mottakar av Gullruten. Som biletkunstnar har han ein omfattande CV og har hatt ei rekkje utstillingar i Norge, mellom anna i Oslo, Bergen, Asker og Trondheim.

Om arbeidet sitt ved klosteret seier han: «Eg møtte med eit heilt ope sinn, utan andre planar enn å sjå Halsnøy via spegel og ved å komprimere tid og stad ved bruk av multi-eksponeringar i kamera. Eg lot tematikken i bileta finna meg, ikkje omvendt». Torbjørn føretrekk å sjå verda i svart-kvitt, noko han og gjorde på Halsnøy. Han omtalar samværet med dei to amerikanske kunstnarane som ei kreativ Sareptakrukke (ei krukke som aldri vert tom). Torbjørn syner bilete frå prosjektet han har kalla My Square Eyes (Mitt kvadratiske blikk).

Andy Mattern arbeider som førsteamanuensis i fotografi ved Oklahoma University i Stillwater.

I fotografia sine går han ofte heilt til basis i mediet, og lagar installasjonar som gjerne utfordrar konvensjonar og forventningar. Arbeida hans er mykje omtala og er i ei mengd samlingar og museum, og vert utstilt både i Amerika og Europa. Om å vere Artist in Residence på Halsnøy kloster seier han at gleda er at ein kan utvikle eit prosjekt i løpet av den tida ein er der, utan å ha levert ein plan for det på førehand. Men korleis skulle han kunne vise denne staden på ein ny måte?

Andy hadde med seg ein heil del utstyr då han ikkje visste kva han kom til å jobbe med. Han fekk i tillegg låne nokre gamle haldarar til 4 x 5« film, og då han opna nokre av dei fann han prosjektet sitt. Der var det slitasjemerke som kunne likna kart over ukjende landområde. Han hengde desse framfor forskjellige vindauge på klosteret, sette opp eit storformat kamera der ein kan sjå motivet på ei glasplate bak på kameraet, og fotograferte dette med eit anna kamera. Resultatet vart serien Terra Incognita der bileta innheld lag på lag; glasplata på storformatkamera, filmhaldaren med eit kart som ser ut til å sveve framføre vindaugsglaset, og bak der – ute av fokus – glimt av landskapet utanfor huset.

 

 

 

 

 

 


The event is finished.

Date

07. mai 2023 - 03. juni 2023

Time

17:00 - 15:00

Lokasjon

Halsnøy kloster
Skip to content