Då rocken kom til Sunnhordland – frå skulebenk til rikt kulturliv!

Me gjentek suksessen frå 2024, og fortset med samtalekveldar rundt rocken sin fødsel i Sunnhordland. Første kveld handla om dansen på lokalet på 1960 og ‘70-talet, andre kvelden om det gryande utelivet på ‘70 og ‘80 -talet, og sist stilte me spørsmålet; Kva skjedde då musikken bevega seg frå scenen og inn i studio?
Denne fjerde kvelden vil fokusere på musikklinja ved Stord Vidaregåande Skule som fyller 40 år i 2025.
Sunnhordland museum har saman med Roald Kaldestad og Endre Olsen invitert Ingjerd Kannelønning Kolstad, Torgrim Øyre og Benedicte Meyer til ein samtalekveld med gode historier frå sine år på musikklinja, og me oppfordrar både tidlegare og noverande lærarar, foreldre og elevar om å komma og dele sine minne.
Hugsar du dei store oppsetjingane: Jesus Christ Superstar, We Will Rock You, Spelemann på taket, Carmina Burana, Grease, Hair og alle banda som oppstod rundt musikklinja?
Me er ute etter dei gode historiene frå dei fire tiåra der musikklinja har vore eit viktig veksthus for dei som har vist seg å bli viktige ressurspersonar og bidragsytarar i samfunnet, ikkje berre i profesjonelt og frivillig musikkliv, men i helse og omsorg, i skule og oppvekst, i kunst- og kulturliv på alle nivå.
18-årsgrense.
1. oktober kl. 18:00 (dørene opnar kl. 17:30) på Sunnhordlandstunet/SUMU
Pris: 150,-
1. oktober kl. 18:00 (dørene opnar kl. 17:30) på Sunnhordlandstunet/SUMU
Pris: 150,-
Parkering ved Vidsteentunet eller i Sæ.