«Døgnvill» – A.i.R utstilling

Sunnhordland Museum ynskjer velkomen til Halsnøy kloster og siste A-i-R utstilling for i år.

Florence, Benjamin og Robert var på klosteret i august-september i fjor. Allereie ved ankomsten var det tydeleg at desse tre kom til å arbeide forskjellig. Florence og Benjamin kom med bil frå Frankrike og Belgia, og bilen var fullpakka av utstyr. Bagasjerom, skiboks, baksete, alt var stappa. Første halvtimen gjekk med til å få alt i hus. Det meste skuldast Florence sin spesielle arbeidsmåte som gjer at ho trong mykje utstyr. Så kom Robert, på sykkel frå Bergen, med ein liten sekk på ryggen, og lurte nærast på om han hadde hugsa å ta med kamera.

Eit av kriteria ved utval til opphaldsprogrammet, er å finne kunstnarar som arbeider i forskjellig retning, med forskjellige teknikkar og uttrykk. Det må vi seie å ha oppfylt til gagns denne gongen.

Florence D´elle er frå Belgia, der ho bur og arbeider. Ho starta å arbeide med fotografi i 2010, då ho vann ein gjev pris ved Hyogo kunstmuseum i Kobe, Japan.

Frå 2015 har ho utelukkande arbeidd med 1800-tals teknikkar, og då helst med våtplate kollodium på aluminium. Desse svært langsomme prosessane betyr mykje for henne, og vart ein ny måte for henne å fortelje si historie på.

Våtplateteknikken krev utstyr, kunnskap og tålmod. Florence hadde med seg to storformat kamera til dette, eit som lagar bilder i 17 x 17 cm, og eit til 30 x 30 cm. Aluminiumsplata må senkast i ei kjemikalieløysing som legg seg som eit belegg på plata. Deretter må plata setjast i kamera (utan å få lys på seg), bildet kan eksponerast, og plata kan framkallast. Alt dette må gjerast medan plata fortsatt er våt.

Opprinnelsen

Om opphaldet seier Florence: «Det var ei kjensle av å vere tilbake til byrjinga, til skapelsesaugneblinken. Stillhet, mystikk, tre, lys, ei intuitiv kopling til staden sin historie, noko som ikkje let seg fatte, ei verd fyld med venleik og overjordisk ro».

I ei tid der verda hastar avgarde og mistar seg sjølv, der naturen stadig vert mishandla, fann ho sjansen til å skape ei original, – både samtidig og tidlaus førestilling. Ein usynleg tråd vart spunnen mellom luft, vatn, vind, natur, element og kropp, ei herleg flukt inn i draum.

Resultatet er ei fri tolking av ein norsk versjon av Tristan og Isolde, som ho kalla Opprinnelsen.

Ei jakt etter kjærleik og evighet.

Benjamin Barda er er fødd i Dijon, Frankrike, og bur og arbeider i Paris.

Etter studier i antropologi, gjennomførte han sine første fotografiske prosjekt i Mosambik og Burundi. Deretter arbeidde han som journalist, men sidan 2009 har han arbeidd med fotografi.

Hovudtema for arbeida hans er ubalanse, hastighet og vertigo. Han arbeider mellom anna med sjølvportrett og performance. Dei siste åra har han fokusert på tema som galskap, endra medvitstilstandar, og samanheng mellom tap av kontroll, transeliknande tilstandar og fotografi.

 Døgnvill

På Halsnøy arbeidde Benjamin heilt utan filter. Alle tankar og idear vart utprøvde, alle møte med natur og folk vart ein del av prosjektet hans. Han reflekterte seg gjennom den blå timen, han svømte i kald sjø, han følgde dyrespor, han utforska skogen om natta. Gjennom bildene fann han mellom anna ein komet, og han gjenoppdaga fotografiet som eit speil av sjølvet. Han vart fascinert av Halsnøy, av klosteret, han opplevde det som ein magisk stad, lada med energi. Serien har han kalla Døgnvill, og den er ein hyllest til dei sterke kjenslene han opplevde på Halsnøy.

Robert Carter er bilet- og ordkunstnar frå Manchester, England. Han vart utdanna ved Bergen kunstakademi i 2020, og bur og arbeider no i Oslo. Han uttrykkjer seg med video, trykk, foto og ord, og går inn i temaet arbeid, både kjenslemessig, kunstnarleg og i forhold til sosial klasse.

Avgangsarbeidet hans frå Bergen, kortfilmen Notes on Dad, var med på Haustutstillinga i 2022, og Vestlandsutstillinga i 2023.

Til utstillinga på Halsnøy har Robert laga ein del verk der han kombinerer trykketeknikk med collage og maling. Han definerer det som ein slag «ny dekorasjonisme», og verka lagar ei line mellom ornament og abstraksjon. Her er ei blanding av fotografi han har funne, collage, og Robert sine originale teikningar inspirert av arkitekturen og interiøret på klosteret. Viktige element som «The Well» (Brønnen), og eit bein utan kropp, – men som har på seg ein designer sandal med froskemotiv – utgjer bakgrunn og hovudkarakter i eit skodespel som ikkje er skrive enno.

 

 

 

 


The event is finished.

Date

22. august 2023 - 17. september 2023

Time

onsd.-sønd.11-15
11:00 - 15:00

Lokasjon

Halsnøy kloster
Skip to content