«Et noget stereotypt uttrykk» – Utstillingsopning

«Et noget stereotypt uttrykk»

Med utgangspunkt i eiga forsking på den lokale, regionale og norske psykiatrien si visuelle historie skal Jorun Larsen denne våren ha fotoutstilling ved Halsnøy kloster. Pasientportrettet, med andletet som etisk hyposentrum, er i fokus, men også den lokale privatforpleiinga, som mellom anna hadde ein viktig samarbeidspartnar i familien på Klostergarden, får særleg spelerom i denne.

Kan kunsten og utstillingsformatet bidra til å fremja stemmer som opp gjennom historia har vore tagna, eller er det å synleggjera psykisk sjuke og historisk galskap gjennom sanselege førestillingar ei kunstig løysing?

Under opninga blir det introduksjon i auditoriet på Sunnhordland Folkehøgskule. Seansen byr òg på ei audiovisuell hybridframføring, der Rabalder (eit Knut Vaage-verk, framført av pianist Einar Røttingen) møter (ein videomontasje med, av og om) Galskap.

Utstillinga opnar søndag 24. mars og heng til og med 21. april.

Utstillingsopning søndag 24. mars:

  • Kl. 17.00 – Introduksjon i Løa på Sunnhordland folkehøgskule
  • Kl. 18.00 (ca)  Utstillinga opner i kjellergalleriet på Halsnøy kloster

 

Jorun Larsen@Rolf Christian Mehl.

 Jorun Larsen (f. 1983) er oppvaksen på Fitjar, men har budd i Kvinnherad sidan   2005. Larsen har fleire års røynd som fotograf, journalist og sjølvstendig næringsdrivande, og jobbar for tida ved Universitetet i Bergen, kor ho tek ein doktorgrad i kunsthistorie. I doktorgradsprosjektet er det psykiatriens visuelle historie ho forskar på, særleg i forhald til fotografi og film frå og knytt til det medisinske feltet i Norge. Samstundes er ho interessert i den vidare tydinga av psykiatriens bilete, der kunst, populærkultur, språk, tradisjonar og lovverk, illusjonar, metaforar, førestillingar, fordommar og idear òg spelar ei viktig rolle i korleis me oppfattar og forstår oss sjølve, dei andre og samfunnet me lever i.

 

 

 

Einar Røttingen, Pressefoto

Einar Røttingen,Pianist (f. 1963) er tilsett som professor i utøvande musikk på Griegakademiet, Universitetet i Bergen. Røttingen har gjeve mange konsertar i Europa, USA, Kina og Japan og  Han samarbeider ofte med komponistar og har bidrege til å presentere norsk musikk internasjonalt. Han er en aktiv kammermusikar og er medlem i Valen Trio saman med fiolinisten Ricardo Odriozola og cellisten John Ehde. Av nyare innspelingar kan nemnast Knut Vaages Gardens of Hokkaido (med Bergen Filharmoniske Orkester), Valen Trio, Chamber Works of Knut Vaage og Chamber Works of Ketil Hvoslef (9 CD-ar). Røttingen har elles vore leiar for det treårige kunstnariske forskingsprosjektet (Un-) settling Sites and Styles: In Search of New Expressive, og har gjennom mange år vore aktiv i å initiere og organisere aktivitetar innan samtidsmusikkfeltet i Bergen.


  • 00

    days

  • 00

    hours

  • 00

    minutes

  • 00

    seconds

Date

24. mars 2024 - 21. april 2024

Time

17:00 - 17:00

Lokasjon

Halsnøy kloster
Skip to content