Frå dans på lokalet til gryande uteliv. Utselt!

Sunnhordland museum har saman med Roald Kaldestad og Endre Olsen invitert Kjetil Ottesen og Bjørn Arve Lunde til ein samtalekveld med gode historiar frå livet rundt og på scenen i Sunnhordland frå 70-talet og frametter.

Kva skjedde då den tradisjonelle dansen på lokalet forsvann, og nye utestader blei etablerte?

Var du blant dei mange som hang på Panorama eller Paletten, åt du din første pizza på Bakeriet Frugård, tok du «pubrunden» med MS Sunnhordland? Eller var du ein av dei som svinga deg på Condeep Dancing Bar i glansdagane? Kanskje stod du på scenen, med slengbukse, platåsko og skinnjakke?

Me er ute etter dei gode historiene rundt rocken sin fødsel i Sunnhordland. Kven spelte? Kva for musikk spelte dei? Kor spelte dei? Kven var arrangørane? Kva gjorde desse arrangementa med folk som budde her?

Sunnhordland museum ønskjer å utvide si samling med immateriell kulturarv og samle inn nokre av desse historiane og bileta som representerar denne delen av kulturlivet som vaks fram i Sunnhordland frå 60-talet.

Alkoholservering og 18-årsgrense.
19. juni kl. 18:00 på Sunnhordlandstunet/ Sunnhordland museum
Pris: 150,-
Parkering ved Vidsteentunet eller i Sæ.


Meir informasjon

Kjøp billett

The event is finished.

Date

19. juni 2024

Time

18:00

Lokasjon

Sunnhordlandstunet
Museumsbakken 16, 5417 Stord

Kostnad

150 NOK
Skip to content