Haust på museet og «sild og potete»!

Haust på museet!

Tysdag, onsdag og torsdag (11. – 13. oktober) i haustferien blir det ulike aktivitetar på Sunnhordlandstunet i samarbeid med Stord Husflidlag; utstillingar, trykkeverkstad, laging av haustkrans og anna av naturmateriale, omvising på tunet … og plutseleg kjem det kanskje ein fiskar farande (førestilling for born).

Om «sild og potete»!

Det heiter ikkje potetferie lengre – men det gjorde det før. Den veka om hausten – då born og unge hjalp til i potetonna og fekk potetene opp av jorda og inn i hus før frosten kom.

«Sild og potete» er ein gamal nasjonal kost og i utstillinga «Det starta med silda», sett me fokus på kor viktig sildefisket og denne kosten var for folket i lange tider.

Denne haustferien ønskjer me å invitere born saman med vaksne – til mellom anna å trykke med poteter på tekstiler.

Pris: Barn (frå 5 år) kr. 100 (vaksne gratis). Billett kan kjøpast her.

Program kl. 11:00 – 14:00:

Vandring i utstillinga «Det starta med silda» og «hausting» av poteter.

Aktivitetar i samarbeid med Stord husflidslag;

Inne i verkstaden: Trykkeverkstaden «Sild & potet». Potettrykk på tekstil.

Maskinsaum og broderi. Born og unge kan få sy kjøkenhandklede eller liknande av dei trykte tekstila.

Ute på tunet lagar me haustkrans og anna i naturmateriale.

 

13.00: Guida omvising på tunet (inkludert i ordinær billett for vaksne)

Museumskafeen vil vera open. Sal av varme bollar og nysteikte vaflar.

Velkommen til store og små!


The event is finished.

Date

12. oktober 2022

Time

11:00 - 14:00
Skip to content