Klosterdagen 2023, 11.juni

Klosterhagen

Sunnhordland museum og Venelaget for Halsnøy invitarar tradisjonen tru til Klosterdag på Halsnøy kloster, sundag 11. juni.

Plantar, form, farge og hage er tema for dagen i år og det er lagt opp til spanande familieaktivitar for små og store barn ute på området. Det er meldt flott ver og vi håpar at mange vil finne vegen og nytta nokre  timar i lag med oss denne dagen.

FANG PLANTENE SINE FORMER OG SKUGGAR! Observasjon av plantene sine former med skuggeteikning og den fotografiske teknikken cyanotypi.

På Klostertunet veks det mange ulike planter og vekstar.

Barn og unge kan saman med dei vaksne gå på jakt etter ulike artar – som dei kan få prøve å fange forma eller skuggane til.

Med akvarellblyantar kan ein fange skuggane med streken og med teknikken cyanotypi kan ein få prøve å nytte sollyset til å lage eit avtrykk av plantene si form. (Her har vi eit like spanande alternativ om det ikkje vert nok sol !!) Dei ferdige bileta lagar vi ein felles utstilling av på uteområdet, så bli med!

Med lommelykt kan dei yngste få lage plantene sitt eige skuggespel på veggen.

Nederst i hagen er det satt ut plantekassar som du kan få vera med å plante i. Ei lita plante får du på billetten, så langt beholdninga rekk.

Historieforteljing med Johanne Øvstebø Tvedten

 Johanne Øvstebø Tvedten vil ha historieforteljing om «Jack og bønnestengelen» ute i ruinane.

Utstillingsopning og føredrag

Inne i kjellaren vert det utstillingsopning med botanikk som tema. Utstillar er Hege Gjerde Sviggum , profesonell botaninsk illustratør og Sunnhordland museum visar nokre av dei gamle botaniske skuleplansjane frå samlinga vår. Her vil og vera trykk for sal.

Hege Gjerde Sviggum vil og halde eit foredrag i stovene om historia og teknikken rundt botaniske illustrasjonar.

Med oss får vi også Haugaland sopp -og nyttevekstforening som både vil ha stand ute der du kan stille spørsmål om ulike plantar, dei vil og ha eit innlegg i stovene om nyttevekster rundt oss.

Utegudsteneste

På ettermiddagen vert det utegudsteneste med prest i Eid, Fjelberg og Åkra kyrkjelyd, Carsten Mrusek, i år vert det også med dåp.

Klosterhagekonsert

Vi er særs glade for at Hilde Selvikvåg kjem attende med ny hagekonsert i klosterhagen. Dette vert ein strålande avslutning på Klosterdagen 2023. Vi gjer merksam på at konserten har eigen billett som kan kjøpast via hennar og våre nettsider, evt på tunet rett før konserten.

Open kafé Heile dagen vil det vera open kafé med kjempegod bakst frå Venelaget for Halsnøy kloster.

Praktisk: Vi har lite parkering, men vil få nytta grunnen til Klostergarden og parkeringsplassen på Sunnhordland folkehøgskule.

Billettpris: Vaksen kr 150.-, born kr. 75.- (Inkl 1 plante hver)

PROGRAM:

13.00:             Open kafé

13.00 -15.00:   Aktivitetar for barn: «Kjenner du  dei på skyggen ?» botanisk skyggemaling/teikning for små og store. Saman lager vi ei eige utstilling på uteområdet, og «plant eit frø» planting i kassar for små og store barn: Venelaget for Halsnøy kloster og Charlotte Tvedte, Sunnhordland museum.

14.00:            «Jack og bønnestengelen» – forteljarstund m Johanne Øvstebø Tvedten

15.00:             Utstillingsopning ; Utstillar Hege Gjerde Sviggum, kunstnar og Sunnhordland museum

15.30:             Botaniske illustrasjoner – foredrag v Hege G. Sviggum

16.00:             Nyttevekstar rundt oss – Innlegg ved Haugaland sopp-og nyttevekstforening

17.00:             Utegudsteneste – v.prest Carsten Mrusek, Fjeldberg og Eid sokn.

18.00:             Hagekonsert med Hilde Selvikvåg og hennar nye album «La det skje»

(OBS! eige arrangement/billett)

Kjøp billett til konserten HER


The event is finished.

Date

11. juni 2023

Time

13:00 - 18:00

Lokasjon

Halsnøy kloster

Kostnad

150 NOK
Skip to content