Klosterdagen 2024, 9. juni
Den årlege Klosterdagen nærmar seg og vi håpar å sjå deg sundag 9.juni.
Lenke til billettar nede på sida.
Dagen byrjar med utstillingsopning av utstillinga «Spaces of Hope» av John P. Cunningham.
(Denne er endra som tittel og innhold i høve plakaten!)
«Kunstverka i utstillinga krysser fleire tema som knytter seg til ei kjensle av tapet av nokon av edensk natur, men stopper ikkje ved tapet. Verket tar sikte på å presentera publikum for idear som har å gjere med tersklar der grensa ikkje lenger tydeleggjer overgangen frå utsida til innsida; eit rom der betrakteren sin fantasi kan plantast og vekse til nye visjonar og håp.»
«The art pieces in the exhibition cross several themes that tie into a sense of the loss of someone Edenic in nature but do not stop at the loss. The work looks to present the audience to ideas to do with thresholds where the boundary no longer makes evident the passing from without to within; a space in which the viewer can plant their imagination into and grow new visions and hope»
Mellom land og lov
I høve Magnus Lagabøte- jubileet er vi glade for å presentere forteljarframsyninga «Mellom Lov og Land», som har som mål å formidla historia og verknaden av Landslova, og skapa ei engasjerande oppleving for publikum.
Programmet inkluderer ein workshop for born og unge leia av kunstnaren Anne Hesvik, der vil dei få moglegheita til å utforske ulike mellomalderteknikkar innan teikning og måling.
Etter kvar framsyning vil det vere ei Q&A-seksjon for å engasjere publikum.
Medverkande:
Guttorm A. Rogdaberg vil leie publikum gjennom historien bak Landslova, Reidun Horvei vil framføre songar og ta hand om regien, Inger-Kristine Riber vil skape eit lydbilete som speglar tidsepoken, og Anne Hesvik vil medvirka med visuell formgjeving.
Dagen avsluttast tradisjon tru med utegudsteneste, leia av sokneprest i Fjelberg og Eid kyrkjelyd, Carsten Mrusek
Utstillingane og kafeen vil vera opne heile dagen.
Der vert områdebillett denne dagen, samt billett til vaksneframsyninga. Workshopen for born og unge er gratis, men vi ber deg «kjøpe» gratisbillett så vi får oversikt over antall deltakarar.
Billettar finn du her:
Forteljerstund og workshop for barn
Om dei medvarkande i forteljarframsyninga og workshop for barn og unge:
Guttorm A. Rogdaberg (Forteljing): Utnemnd til statsstipendiat i 2005 med fokus på rettshistorie og mellomalder. Har arbeidd med Stiftelsen Agatunet, og har gjort viktig forskingsarbeid om Lagmannstova frå 1220. Har bidratt til kulturhistoriske artiklar, utstillingar, og bøker.
Reidun Horvei (Song og Regi): Sidan 1992, tilsett som fylkesmusikar i Hordaland med arbeid innafor kveding.
Inger-Kristine Riber (Musikk og Lydformgjeving): Pianist og komponist kjend for nyskapande arbeid og kombinering av ulike musikkstilar.
Anne Hesvik (Visuelt): Kunstnar inspirert av klassiske målartradisjonar. Har studert under kjende malemeistrar som Øygarden, Selsjord, og Klavenes. Har vunne mange prisar og stipend, og er omtala i kjende publikasjonar.